Skauge forlag

TIGERGJENGEN LETTLEST: 13-17 (NYNORSK)

410 NOK / In stock.

BOK 13: GJENGEN DRAR TIL NORD-NOREG

Elevar ved Kristiansund vgs og Vaksenopplæringa i Flekkefjord vann konkurransen om tema for denne boka. Dei ville ha natur, hav, fiske og båtliv. Og vi har lagt historia til Nord-Noreg.


BOK 14: – EG HATAR PENGAR

– Eg hatar pengar, seier Kim. Og det er nok fleire enn han som har trøbbel med tal og pengar. For det ikkje alltid så lett å veta forskjell på ein femmer og ein tiar og ei tjuekrone. I alle fall ikke når det blir mange av dei. Og kva er eigentleg ein konto? Eit innskot? Eller eit bankkort? Det prøver Kim og Tommy å finna ut i denne boka.


BOK 15: JUNE – HEILT SJEF

Har du opplevd at nokon vil bestemma over deg heile tida? Og at du ikkje alltid greier å seia nei? I denne boka blir det problem når ein i gjengen sjefar litt for mykje. Særleg går det ut over Kim. Men han er smart, og finn ei løysing.


BOK 16: KJÆRLEIK OG SJALUSI

Tommy har problem med kjærasten May. Han er sjalu og får råd av arbeidskameraten Erling. Erling meiner han er ekspert på damer. Men er det gode råd? Les boka og finn ut sjølv!


BOK 17: EIN FARLEG SMS

May har sendt ei melding som ho etter kvart angrar på, men det er ikke mogeleg å trekka tilbake noko som er sendt. Det får May erfara, for den eine, vesle meldinga lagar etter kvart store problem. Det er ikkje lett å veta alt som skjer når vi sender meldingar eller legg ut ting på Facebook.


Nina Skauge har skrive og illustrert bøkene om Tigergjengen. Ho er teiknar, forfattar og grafisk designar, og har i tillegg stor kunnskap om personar med utviklingshemming gjennom sin egen son med Downs syndrom, gjennom arbeid i bofellesskap og mange år med forlagsarbeid.

Utgitt i 2017. Fem bøker, kvar på 32 sider.